Forsiden Om meg Foto Dyr Bøker Scrapbooking Mitt fotoutstyr

Gleden ved å ha ein sommarjobb

06.mai.2010 @ 21:59 i Blogg 1 kommentar

Som sagt, så har jo eg fått meg sommarjobb. Er blitt ei god stund sidan eg skreiv under avtalen om at eg faktisk ville og kunne ha jobben i sommar, og dermed sendt arka opp igjen, så no ventar eg berre på å få det eine sendt ned igjen + arbeidstidene og slikt noko. Skal jo jobbe samme plass som i fjord, altså på mottakskjøkken på Sjukehuset. Og i år er eg 18, noko som betyr enda meir i lønn enn det eg fikk i fjord! Har jo også fått delt opp ferien litt, for skal jobbe 5 veker i år som i fjord, men i år har eg delt opp ferien min slik at eg først begynner med 1 veke ferie, jobbar i 5 veker før eg igjen tar 2 veke ferie før skulen byrjar igjen.


Men den store gleden ved å ha sommarjobb i år er vel eigentleg det at eg for det meste kjem til å vere heime aleine i dei 5 vekene eg skal jobbe, eg er 18, noko som betyr at eg faktisk kan bevege meg ut, vere ute så lenge eg vil og drikke! Men så er det jo også det at om eg består oppkjøringa (noko eg sikker aldri kjem til å klare) så har eg også lappen, og kan dermed besøke mamma eller pappa om dei er på hytta. I tillegg kan eg lage akkurat den maten eg sjølv vil, så matprat.no kjem til å bli min gode ven når eg er aleine heime.


Men eg kjem nok ikkje til å ha så veldig mykje å gjere etter arbeid dei dagane eg jobbar, for om det er samme arbeidstider som i fjor, er eg garantert meir eller mindre død når eg kjem heim. Så dagane går jo som regel i å stå opp, ete, reise på jobb, jobb, reise heim frå jobb, sovne på sofaen, ete, sjå TV, sovne igjen, ete litt til, slappe av forran TV'n eller data'n og til slutt gå og legge seg. Så dei dagane nokon faktisk har dratt meg med ut rett etter arbeid i fjor, var eg ikkje mykje til tess, haha! Men å jobbe frå 07:00 - 15:00 der pausane kan variere frå 5 - 30 min, kom heil an på om eg var i kafèen eller mottakskjøkkenet den dagen, og om eg var i kafèen kom eg inn på eit mini kjøkken som er mindre enn det lille vi har her eg og mamma bur, og når vi opna døra til kjøkkenet om morgonen slo 30 pluss grader mot oss... Så å begynne og jobbe i ein så grusom varme er forferdelen, i tillegg var det eg som tok det meste av oppvasken. Eller berget av oppvasken!

 


 

Men eg har no uansett nokre datoar eg gledar meg til framover, og det er:

  • 17. Mai - Eg fyller 18!
  • 22. Mai - 18 år's feiring sammen med venner
  • 05. Juni - Sommarfesten!
  • 16. Juni - Avsluttningsball på hotellet med open bar
  • 17. Juni - Siste skuledag, og min aller siste dag på Øyrane vgs.
  • 28. Juni - Første jobbdag (noko å glede seg til eigentleg?)

 

1 kommentar

Postet av: Natasha & Beate

Det er gøy å ha sommerjobb :) Money, money :D Skal jobba noen veker i sommar eg og, men blir nok ikkje så mykje åleina heima... Håper på noen daga då :P E ganske herlig å ha huset for seg sjølv av og til :)
Dato: 07.mai.2010 Tid: 21:08 URL: http://livetmednatasha.blogg.no

Skriv en ny kommentar

  • Siri 19, Førde
    Velkommen til min blogg. Her skriver eg litt om min kvardag og dyra mine, samt at eg legger ut bilder av ting og tang.  Leser bloggen NO _______________________________________________________________________________ Bloggens e-post: Skipps.blogg@hotmail.no Heimeside: http://www.123hjemmeside.no/kennel-sikvax
  • Innhold 2
  • Innhold 3

Widgets

Blogglisten
Norske blogger
bloglovin
bloglovin
bloglovin
free counters

Design

Laget av Lisa

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits